Kategorisert | Musikk

Christmas – Low – beste juleplate!

Low er eit av mine favorittband, og eg er så  heldig at dei har gitt ut ei juleplate. Julemusikk kan lett bli irriterande i lengda, men denne cd-en er veldig behageleg. Den byrjar med lystige Just like Christmas der Low er på roadtrip til Stockholm og Oslo.

Resten av cd-en er i kjent Low-stil. Sein, sein, seig musikk med fantastiske harmoniar. Little Drummer Boy har fått eit heilt magisk lydbilde. Det er ein jamn sekkepipeliknande dur uavbroten gjennom heile songen, saman med mørke, tunge, treige taktslag. Kvinnestemmen har fått eit nydeleg ekko. Viss du ikkje får julestemning av denne songen så veit ikkje eg. Ein annan favoritt er den usannsynleg treige versjonen av Blue Christmas. God jul!

 

Tagget med:

This post was written by:

- who has written 12 posts on MusikBloggNo.


Contact the author

Legg igjen en kommentar på artikkelen

Heng på

@musikkfilmbibl