Det er vanskeleg å setja merkelapp på musikken til Grimes. Elektronisk synthpop
kanskje?! Ein kan nok finna spor av mykje forskjelleg. Musikken er drømmande,
munter, original og umiddelbart fengande. Ei plate som får meg i godt humør og
som det er umogleg å ikkje danse til! Grimes som eigentleg heiter Claire
Boucher og er 24år, syng med ein fantastisk draumande lys jentestemme, og
tryller fram lydar, rytmar og songar på eit album som vil stå i platespelaren
min lenge. For kvar gong ein høyrer det veks musikken seg større, og om det ikkje tryller vekk regnet, så blir det i alle fall solskin i stova

