Kategorisert | Litteratur | Musikk | Ukategorisert

Påskebøker -og musikk

Det er ikkje sånn at ein absolutt må lesa krim i påska. Dersom det er sol, ein har fått påskeegg, har fri og nyter livet kan det passa like godt med litt gladmusikk og ei bok om favorittbandet. Eller kanskje ein endeleg har tid til å få sett den tv-serien ein har hatt så lyst å sjå.

Her er ei liste med musikk som kan gje påskestemning:

  1.  RJD2 Kjempebra electronica/hip-hop/trip-hop.
  2.  Dj Shadow Kjempebra electronica/hip-hop/trip-hop.
  3.  Groove Armada har mange cd-ar med ganske forskjelleg uttrykk. Vertigo er det ultimate chill-soundtracket. Medan Goodbye Country (Hello Nightclub) er det meir fart i.

Her er tre morosame underhaldande bøker om oppvekst og musikk:

  1. Populærmusikk fra Vittula av Mikael Niemi. Kjempemorosam oppvekstroman frå ei finsk-svensk bygd der religion og rock får eit konfliktfylt møte. Finnes og som film.
  2.  Anarchy in Åmot av Sturle Brustad. Oppvekstroman om gutar som vil laga punk-band på slutten av 70-talet.
  3.  Sukkersug av Sverre Knudsen. Litt meir alvorleg oppvekstroman om ein som vil ut i rampelyset

 

This post was written by:

- who has written 12 posts on MusikBloggNo.


Contact the author

Legg igjen en kommentar på artikkelen

Heng på

@musikkfilmbibl